Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om ein søknad frå Stord lensmannskontor om ekstra tilskot for 1998 pga. stort innrykk av gjestearbeidarar i industrien på Stord
Datert: 11.12.1997 Besvart: 17.12.1997 av justisminister Aud-Inger Aure
Olav Akselsen (A): I samband med høg aktivitet og stort innrykk av gjestearbeidarar i industrien på Stord, fekk Stord Lensmannskontor eit ekstra tilskot frå Justisdepartementet for 1997. Også i 1998 vil det vera uvanleg stor aktivitet i industrien på Stord. Stord Lensmannskontor har via politimesteren i Hordaland søkt om ekstra tilskot også for 1998. Justisdepartementet har ikkje svart på denne søknaden enno.Kva vil svaret bli?