Spørsmål
Eli Sollied Øveraas (Sp): Etter at staten overtok sjukehusa frå 1. januar 2002 har ansvaret for drift, funksjonsfordeling og ressursforvaltning blitt overført til dei ulike regionstyra for helseforetaka. I Møre og Romsdal har det vore brei politisk semje om å oppretthalde dei fire sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.
Har helseforetaka også myndigheit til å legge ned sjukehus, eller er det Stortinget, og berre Stortinget, som har denne myndigheita?