Spørsmål
Eli Sollied Øveraas (Sp): Kyststamvegnettet i dei tre fylka sør for Møre og Romsdal har nattope rutenett i form av nattferjer. Når ein kjem over grensa til Møre og Romsdal, vert det bråstopp i seks timar når ein kjem til ferjeleiet på Folkestad, som er det første av fire stamruter som er nattstengde.
Kva vil statsråden gjere for at stamvegnettet i Møre og Romsdal også skal bli nattopne med standarder og rutetilbod som gjeld for resten av kysten?