Spørsmål
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Statsråden har varsla at kommunar som vil slå seg saman skal stimulerast økonomisk, medan dei som ikkje vil det, må forvente ein trongare økonomisk situasjon.
Vil statsråden vere viljug til å setje inn stimuleringsmidlar i langt større omfang enn i dag for interkommunalt samarbeid som alternativ til kommunesamanslåing?