Spørretimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til finansministeren

Om å sikra større høve til _kontroll med tilgangen på narkotika_, m.a. med bakgrunn i at Sør-Rogaland Tollerforening melder om redusert budsjett

Datert: 24.04.2002
Besvart: 08.05.2002 av finansminister Per-Kristian Foss

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ved Stavanger lufthavn, Sola, var det ikkje tollarar til stades i heile påska. Heller ikkje ved danskeferja i Egersund vart det utført kontrollar. Sør-Rogaland Tollerforening melder om redusert budsjett og dermed redusert høve til kontroll med t.d. tilgangen på narkotika. I mange kommunar er det ein forsterka innsats for å redusera dei enorme samfunnsproblema som følgjer av narkotikamisbruk.
Vil statsråden ta initiativ til å sikra større høve til kontroll med tilgangen av narkotika?


Les hele debatten