Spørretimespørsmål fra Magne Aarøen (KrF) til sosialministeren

Om moglege reaksjonar etter at spritprodusenten og -importøren Guinness UDV har reist rundt og drive med ulovleg marknadsføring av alkoholhaldig drikk, m.a. ved gratis servering til ungdom

Datert: 10.05.2002
Besvart: 22.05.2002 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Magne Aarøen (KrF)

Spørsmål

Magne Aarøen (KrF): Ifølgje programmet Forbrukerinspektørene, sendt i NRK1 8. mai d.å., har spritprodusenten og spritimportøren Guinness UDV i mars/april i år reist rundt til fleire norske byar med ein større spesialinnreidd trailer og drive med ulovleg marknadsføring av alkoholhaldig drikk, m.a. ved gratis servering til ungdom.
Kva reaksjonar rår statsråden over for å etterforske og straffe eit slikt mogleg grovt brot på alkohollova, og kva for nokre av desse moglege reaksjonane kan ho tenkje seg å gjere seg nytte av i saka?


Les hele debatten