Spørretimespørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Om å ta initiativ til eit samarbeid mellom forsikringsselskap, elbransjen og offentlege tilsynsorgan om eit brannvernår for bustader

Datert: 15.05.2002
Besvart: 22.05.2002 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): 2002 er utropt til "Landbrukets brannvernår". Gjennom eit nært samarbeid mellom m.a. landbruket, forsikringsselskap, elbransjen og offentlege tilsynsorgan vert det gjennomført ulike tiltak for å førebyggje brann. I 2001 vart skadane som følgje av brann i bustad rekna til 1,8 mrd. kr. 61 liv gjekk tapt. Halvparten av brannane skuldast truleg manglande kvalitet i elektriske anlegg.

Vil statsråden ta initiativ til eit samarbeid for eit brannvernår for bustader etter modell frå Landbrukets brannvernkomité?


Les hele debatten