Spørretimespørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til finansministeren

Om kvifor avgjerda om at skatteetaten skulle vere representert i Kviteseid med etatskontor, er endra til representasjon i kontor med etatsfunksjon eller i offentleg servicekontor

Datert: 07.05.2002
Besvart: 29.05.2002 av finansminister Per-Kristian Foss

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): I avgjerd den 21. juni 2001 vedtok Regjeringa ved Finansdepartementet at skatteetaten skulle vere representert i Kviteseid med etatskontor. I brev av 7. mars 2002 har Finansdepartementet gjort ei fornya vurdering og avgjort at etaten skal vere representert i Kviteseid i eit kontor med etatsfunksjon eller i eit offentleg servicekontor.
Kva er årsaka til denne endra avgjerda?


Les hele debatten