Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å få endra forskriftene slik at _kommunane kan få dekt utgifter til å framskaffa eigedomsopplysningar_, m.a. til eigedomsmeklarar
Datert: 03.10.2002 Rette vedkommende: Kommunal- og regionalministeren Besvart: 16.10.2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mange kommunar brukar mykje tid og ressursar på å framskaffe eigedomsopplysningar, m.a. til eigedomsmeklarar. Denne tenesta har kommunane etter gjeldande lovverk ikkje høve til å ta seg betalt for. I ei tid der kommunal økonomi er sterkt pressa, kan ei slik gratisteneste synast noko underleg. Vil statsråden ta initiativ for å endra forskriftene slik at kommunane kan få dekka dei faktiske utgiftene dei har med slike saker?