Spørsmål
Åsa Elvik (SV): 30. oktober 2002 vart det begjært konkurs ved Myre Fiskeindustri AS. 156 tilsette mista jobben sin. Det er no kjent at morselskapet til Myre Fiskeindustri og Nordic Sea Trawlers, Nordic Sea Holding, har søkt om dispensasjon for leveringsforpliktingane til Øksnes. Staten har aksjemajoritet gjennom ulike selskap til Nordic Sea Holding.
Kva har statsråden gjort og kva vil han gjere for å sørge for at desse trålarane skal holde fram å levere i Øksnes, og for at industriverksemda skal holde fram?