Spørretimespørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til samferdselsministeren

Om å dokumentere at trafikkulykkene faktisk har gått ned etter at fartsgrensene blei reduserte ei rekkje stader i landet, m.a. på strekninga Flatøy-Bergen

Datert: 06.02.2003
Besvart: 12.02.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Dei siste åra har fartsgrensene blitt sett ned ei rekkje stader i landet. Dette gjeld m.a. strekninga Flatøy - Bergen, der fartsgrensene store deler av denne strekninga er sett ned med 10 km/t. Dette har også medført at enkelte bilistar no vel å kjøre om tettstaden Salhus for å komme raskare fram. Grunngjevinga for å senke fartsgrensene var at dette ville gje færre trafikkulykker.

Kan statsråden dokumentera at trafikkulykkene faktisk er gått ned etter at fartsgrensene blei redusert?


Les hele debatten