Spørretimespørsmål fra Rita Tveiten (A) til fiskeriministeren

Om at seinare tids forskingsresultat syner at algegiftproblemet er på veg til å bli løyst, og kva statsråden vil bidra med for å verifisera og implementera resultata

Datert: 12.02.2003
Besvart: 19.02.2003 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Seinare tids forskingsresultat syner at algegiftproblemet er på veg til å bli løyst. Eit banebrytande prosjekt er gjennomført i Lusterfjorden, på dugnadsbasis. Ferskvatn frå kraftverket vert ført ned i fjorden, for å virvla opp gunstige næringsemner frå lågare vasslag. Slik vert veksten av gode algar stimulert og blåskjela veks seg giftfrie. Resultata gjev grunn til optimisme. Det trengst ytterlegare innsats også frå staten for å verifisera og implementere resultata.
Kva vil statsråden bidra med?


Les hele debatten