Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om tilhøve som minner om sosial dumping av utanlandske arbeidstakarar ved anlegget på Mongstad, og om å ta initiativ overfor Statoil for å få openheit i arbeidsvilkåra
Datert: 06.03.2003 Besvart: 26.03.2003 av olje- og energiminister Einar Steensnæs
Ranveig Frøiland (A): Ved anlegget på Mongstad er det mange anleggsarbeidarar frå bl.a. Polen som Statoil har ansvaret for under utbygginga. Det vart opplyst i NRK at dei ikkje kjente til kva løner underleverandørane deira gav arbeidstakarane sine, og heller ikkje hadde dei rett på innsyn i desse tilhøva. Desse tilhøva minner om sosial dumping av utanlandske arbeidstakarar.Vil statsråden ta initiativ ovafor Statoil for å få openhet i arbeidsvilkåra?