Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å revurdere _eigenkapitalkravet i konkurransen om drifts- og vedlikehaldet av veg_, då dette medfører at små og mellomstore bedrifter blir ekskluderte frå å delta
Datert: 08.05.2003 Besvart: 14.05.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm
Gjermund Hagesæter (FrP): 1. januar i år blei delar av drifts- og vedlikehaldet av veg satt ut på anbod. Kontraktane går over ein periode på 4 år og kan ha ei kostnadsramme på 35-90 mill. kr. For at private bedrifter skal kunne delta i denne konkurransen, er det fastsett eit eigenkapitalkrav på 10 pst. av den totale kontraktsum. Dette eigenkapitalkravet kjem i tillegg til bankgaranti, og medfører at dei fleste små og mellomstore bedrifter blir ekskludert frå å delta i denne konkurransen. Vil statsråden revurdere dette kravet?