Spørretimespørsmål fra Sigrun Eng (A) til kultur- og kirkeministeren

Om kremasjon etter dødsfall, og kvifor ein ikkje får opplyst noko om kor lang tid det tek før urna er klar

Datert: 16.10.2003
Besvart: 22.10.2003 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Når nokon døyr, kontaktar dei fleste eit gravferdsbyrå som tek seg av det praktiske. Dei gir òg etterlatne eit hefte ifrå Sosial- og helsedepartementet: "Når ein av våre nærmaste døyr". Der står følgjande: "Dersom den døde er blitt kremert, skal urna med oske setjast i jorda seinast seks månader etter dødsfallet." Dei fleste som opplever dødsfall ynskjer å få sett urna ned så fort som råd, og få ein plass å gå til.
Kvifor får ein ikkje opplyst noko om kor lang tid det tek før urna er klar?


Les hele debatten