Spørretimespørsmål fra Ingrid I. Opedal (SV) til samferdselsministeren

Om at eit samarbeid om transport av flytande kalk med Raumabanen kan verte tvinga til å avslutte, og resultere i nye vogntog, auka utslepp og fleire ulukker

Datert: 29.10.2003
Besvart: 05.11.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Ingrid I. Opedal (SV)

Spørsmål

Ingrid I. Opedal (SV): Av artikkel i Romsdals Budstikke 28. oktober går det fram at bedrifta Hustadmarmor kan verta tvinga til å avslutta eit 20 år langt samarbeid med NSB/CargoNett om transport av flytande kalk frå Elnesvågen til Hønefoss med Raumabanen. Årsaka er at CargoNett går over til konteinervogner, og dermed ikkje lenger kan tilby transport med tankvognene Hustadmarmor er avhengige av. Resultatet kan verta 1 000 nye vogntog i året, auka utslepp og fleire ulukker.
Kan og vil statsråden gjera noko for å hindra at dette skjer?


Les hele debatten