Spørretimespørsmål fra Lodve Solholm (FrP) til fiskeriministeren

Om manglande svar på eit brev til fiskeriministeren om kvifor eit fiskefartøy bygd i 1957 ikkje får utskiftingsløyve, medan eit fartøy bygd i 1994 får eit slikt løyve

Datert: 12.02.1998
Besvart: 04.03.1998 av fiskeriminister Peter Angelsen

Lodve Solholm (FrP)

Spørsmål

Lodve Solholm (FrP): 27. januar 1998 sende eg eit brev til fiskeriministeren med spørsmål om grunngjevinga for at eit fiskefartøy M/S Havsnurp bygd i 1957 ikkje fekk utskiftingsløyve, når ein båt M/S Libas bygd i 1994 har fått eit slikt løyve. Eg har enda 3 veker etter brevet vart sendt ikkje fått svar.

Kva er grunnen til at det tek så lang tid å svare på eit så enkelt spørsmål, og kan statsråden no gje eit svar på kvifor ein båt bygd i 1957 ikkje får utskiftingsløyve medan ein båt bygd i 1994 får eit slikt løyve?


Les hele debatten