Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om at spanske styresmakter stiller opp med _lån og anna støtte til spanske skipsverft_, og om statsråden meiner dette påverkar internasjonal konkurranse, og kva han vil gjera for å motverka dette
Datert: 22.04.2004 Besvart: 28.04.2004 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen
Olav Akselsen (A): Den seinare tid har det igjen vore hevda at spanske skipsverft har rammevilkår som gjer dei eit konkurransefortrinn i den internasjonale marknaden. Ifølgje oppslag i media stiller spanske styresmakter no opp med lån og anna støtte tilsvarande 7 mrd. kr over ein periode på 3 år fram i tid. Meiner statsråden dette påverkar internasjonal konkurranse, og kva vil han gjera for å motvirka dette?