Spørretimespørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Om kva nytte-kostnadsbrøken for bygging av Stad skipstunnel vil vere med den nye rentesatsen

Datert: 17.11.2005
Besvart: 23.11.2005 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): I St.prp. nr. 1 (2002-2003) viste Fiskeridepartementet at nytte-kostnadsbrøken for bygging av Stad Skipstunnel med hurtigbåtrute mellom Ålesund og Bergen og ein årleg trafikkvekst på 2,5 pst. var 0,94. Kalkulasjonsrenta var i analysen 5 pst. I sommar sette Finansdepartementet denne renta ned til 4 pst., noko som vil gjere prosjekta meir lønsame fordi den langsiktige nytten blir høgare verdsett.

Kva vil nytte-kostnadsbrøken, gitt uendra totalkostnad og med same føresetnader, elles vere med den nye rentesatsen?


Les hele debatten