Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om korleis ein vil løyse problemet med at sjuke og pleietrengande eldre vert skrivne raskare ut frå sjukehus og får meir behandling i kommunane
Datert: 26.01.2006 Besvart: 01.02.2006 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad
Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Wisløff-utvalet si innstilling "Fra stykkevis til helt" og høyringssvara til denne vert no gått gjennom i departementet. I analysa vert det peika på svikt i samhandlinga og at det gjeld alle typar pasientar og i alle overgangar. Me veit at sjuke og pleietrengande eldre vert skrivne raskare ut frå sjukehus og får meir behandling i kommunane. Resultatet er aukande faglege og komplekse utfordringar og eit tenestetilbod under sterkt press.Korleis vil statsråden løysa dette problemet?