Spørretimespørsmål fra Gunn Berit Gjerde (V) til samferdselsministeren

Om å medverke til at nye store ferjesamband får gassferjer, t.d. sambandet mellom Molde og Vestnes i Møre og Romsdal, for å spare miljøet for NO¨x- og CO¨2-utslepp

Datert: 16.02.2006
Besvart: 01.03.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Gunn Berit Gjerde (V)

Spørsmål

Gunn Berit Gjerde (V): Noreg har rikeleg tilgang på LNG-gass, men nyttar i svært liten grad denne gassen som drivstoff. Berre nokre få ferjer og eitt supplyskip er i dag bygde for LNG som drivstoff. Den førre samferdselsministeren sytte for at store stamvegsamband i Rogaland og Hordaland kom ut på anbod med gassalternativet for å spare miljøet for NOx- og CO2-utslepp.

Vil statsråden medverke til at nye store ferjesamband, t.d. sambandet mellom Molde og Vestnes i Møre og Romsdal, får gassferjer?


Les hele debatten