Spørsmål
Gunvald Ludvigsen (V): I Soria Moria-erklæringa står det at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, og helsetenesta skal ha tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse. Å oppretthalde lokalsjukehus er svært viktig for Venstre, men skal ein halde liv i lokalsjukehusa må dei ha eit innhald som gir tilstrekkelege tilbod.
Korleis vil styresmaktene sikre utdanning av nok kirurgar med god faglig breddekompetanse, slik at lokalsjukehusa kan overleve i framtida?