Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om sikker tilgang på rimeleg _elektrisk kraft for næringslivet i Midt-Noreg_, og om sprikande signal frå Regjeringa om kraftig prisauke i området for å redusere forbruket
Datert: 20.04.2006 Rette vedkommende: Olje- og energiministeren Besvart: 26.04.2006 av olje- og energiminister Odd Roger Enoksen
Petter Løvik (H): Sikker tilgang på rimeleg elektrisk kraft er viktig for næringslivet i Midt-Noreg. Nærings- og handelsministeren avviste tidlegare i år gjennom NTB 27. mars, heilt at det kan bli aktuelt å skru prisen på straum kraftig opp i dette området for å redusere forbruket. Olje- og energiministeren har seinare uttrykt at ein slik auke likevel kan vere aktuell. Det er uheldig når signala frå Regjeringa er så sprikande.Avviser statsråden framleis ein kraftig prisauke for å redusere forbruket?