Spørretimespørsmål fra Gunn Berit Gjerde (V) til fiskeri- og kystministeren

Om kva statsråden vil gjere med den vanskelege rekrutteringssituasjonen fiskebåtnæringa er komen i pga. offshorenæringa og nettolønsordninga

Datert: 16.05.2006
Besvart på vegne av: Fiskeri- og kystministeren
Besvart: 24.05.2006 av nærings- og handelsminister Odd Eriksen

Gunn Berit Gjerde (V)

Spørsmål

Gunn Berit Gjerde (V): Fiskebåtreiarane har store problem med å rekruttere kvalifisert mannskap, særleg styrmenn og maskinistar. Dette både på grunn av den store aktiviteten i offshorenæringa og den konkurransevridinga nettolønsordninga har gitt. Fiskebåtreiarlaga ventar auka problem og bur seg på å rekruttere utanlandsk mannskap, noko som vil vere uheldig for fiskerinæringa som viktig medspelar for busetting langs kysten.
Kva vil statsråden gjere med den vanskelege rekrutteringssituasjonen fiskebåtnæringa no er komen i?


Les hele debatten