Muntlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og likestillingsministeren

Om å bidra til at Cocoon Ressurssenter for barnevern og etnisitet blir brukt og ikkje lagd ned, då dei kan gi barn som har opplevd tvangsekteskap og menneskehandel ei spesiell oppfølging

Datert: 16.01.2008
Besvart: 16.01.2008 av barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Vi har barn som bor i Noreg som har opplevd menneskehandel, som har opplevd tvangsekteskap, og som har opplevd traume frå krig og flukt. Det er viktig at desse barna får ei spesiell oppfølging og eit spesielt fagleg, nært og godt arbeid, slik at dei kan få bearbeide desse tinga.

I Farsund har vi ein ny institusjon som er tom og heilt ubrukt. Han er ikkje blitt brukt på grunn av tolkingane av reglane rundt anbodssystemet for barnevernsinstitusjonar. Regjeringa har fremma ein ny handlingsplan mot tvangsekteskap, og i den handlingsplanen står det at barnevernet ikkje har nokon institusjonsplassar for personar som har opplevd tvangsekteskap, og som gjerne skulle hatt det via barnevernet. Det er fagpersonar som har etterlyst kunnskap på dette området - ein institusjon som kan gi barna ei spesiell oppfølging. I Farsund har dei altså opna eit senter som heiter Cocoon Ressurssenter for barnevern og etnisitet. Mange ønskjer å bruke det, men får altså ikkje brukt det.

Då er spørsmålet: Kva kan gjerast for at det kan bli teke i bruk? I dag kan det gjerast eit unntak når det gjeld anbodssystemet, gjennom direkte anskaffingar, med heimel i Forskrift om offentlige anskaffelser § 2-1. Fordi dei har eit tilbod som ingen andre har, kan ein ha unntak frå det vanlege anbodssystemet. Dette er det no blitt søkt om til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Mitt spørsmål er: Kva vil statsråden gjere for å bidra til at dette unike tilbodet blir brukt og ikkje lagt ned?


Les hele debatten