Spørretimespørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utenriksministeren

Om å gje ein skarp norsk reaksjon mot at Hamas misbrukar barne-TV til å spre hat mot jødar, Israel og Vesten

Datert: 28.02.2008
Besvart: 05.03.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Det er no dokumentert at Hamas driv systematisk agitasjon for vald, terror og drap, og mot fredsprosessar, gjennom organisasjonen sitt barne-TV i Gaza. Regjeringa har hatt kontakt med Hamas på høgt politisk plan.

Vil utanriksministeren no gje ein skarp norsk reaksjon mot at Hamas misbrukar barne-TV til å spre hat mot jødar, Israel og Vesten, for å oppmoda til sjølvmordsaksjonar, til å motarbeida fredsforhandlingar og no sist også for oppmoding til drap av danske statsborgarar?


Les hele debatten