Muntlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til nærings- og handelsministeren

Om at føresetnadene har endra seg dramatisk sidan budsjettet vart lagt fram, og at over 170 bedrifter over heile landet er ramma av finanskrisa ifølgje VG

Datert: 12.11.2008
Besvart: 12.11.2008 av nærings- og handelsminister Sylvia Brustad

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Eg har lytta med interesse til det som har vorte sagt her, men eg oppfattar hovudbodskapen frå Regjeringa slik at dei vil følgja utviklinga. Me må ta inn over oss at føresetnadene har endra seg dramatisk sidan budsjettet vart lagt fram, og endå meir sidan premissane for budsjettet vart lagde fram. Det er mange, mange enkeltpersonar, familiar osv., som no er skikkeleg bekymra og urolege for framtida – det gjeld enkeltskjebnar.

Det var ei deprimerande lesing i VG på måndag, der det stod ei liste på over 170 bedrifter over heile landet som no er ramma av finanskrisa. Eg vil lesa litt frå den lista. For dette er alvorleg, dette dreier seg om enkeltmenneske, enkeltskjebnar, og dette er ikkje teori, dette er ikkje modellar. Glava AS i Askim har varsla 6–12 årsverkskutt, Flexit AS i Ørje har sagt opp ni stykkje, Noral AS i Ørje har ca. 65 tilsette, ti er oppsagde, tre er permitterte, Moelven trelastbedrift i Moelv skal fjerna 200 av 3 300 tilsette, Bergene Holm AS trelast i Larvik kuttar 70–80 av 481 stillingar, og Fibo AS, aluminiumprodusent i Holmestrand med ca. 80 tilsette, må permittera, og slik man me fortsetja.

Mitt spørsmål til statsråden er: Kva har statsråden å seia til den verkelegheita som dette er ein liten bit av utover det å seia at en følgjer utviklinga?


Les hele debatten