Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til nærings- og handelsministeren

Om å få nye retningslinjer som sikrar bruk av finansielle rådgivarar når staten kjøper aksjar, og som sikrar at staten ikkje får langt dårlegare vilkår enn andre aksjonærar

Datert: 25.02.2009
Besvart: 25.02.2009 av nærings- og handelsminister Sylvia Brustad

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Staten kjøpte i 2007 over 33 millionar aksjar i Aker Solutions. Kjøpesummen var på over 4,8 milliardar kr, og opposisjonen var allereie den gongen veldig kritisk til statens bruk av pengar og at ein gjekk inn som aksjeeigar i dette selskapet. I dag er tapet på 3,7 milliardar kr, ja nær 4 milliardar norske kroner. Me kan òg registrere at 2,5 milliardar kr av desse har gått i lomma til Kjell Inge Røkke.
Professor Thore Johnsen var òg veldig skeptisk, og han meinte at staten betalte ein overpris. Frå Aker si side blei denne avtalen skildra som «ein særdeles førsteklasses avtale for Aker». Det sa Leif Arne Langøy i 2007.
Det er fleire ting Kristeleg Folkeparti stiller spørsmål ved. Det var ingen finansielle rådgivarar som blei brukt i denne saka. Det kom fram i Stortingets innstilling. Det andre var at staten fekk langt dårlegare vilkår enn andre aksjonærar. Eg viser bl.a. til Wallenbergstiftelsen som var inne og gjorde det same oppkjøpet, men sikra seg at dei slapp å ta risiko.
Kristeleg Folkeparti er oppteken av at dette ikkje skal gjenta seg. Mitt spørsmål til statsråden er derfor: Vil ho jobbe for at me kan få nye retningslinjer som 1) sikrar at fagfolk blir med når transaksjonar av denne storleiken er med? Då tenkjer eg på finansiell ekspertise. Og 2) at staten ikkje får langt dårlegare vilkår enn andre aktørar.


Les hele debatten