Muntlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og likestillingsministeren

Om å lyfte likelønna inn i årets lønnsforhandlingar

Datert: 11.03.2009
Besvart: 11.03.2009 av barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Vi har nettopp feira 8. mars. Samtidig var Regjeringa samla til budsjettkonferanse på Thorbjørnsrud, og vårens lønsoppgjer er rett rundt hjørnet. Vi har i Noreg kome langt på likestillingsområdet, men vi ligg dårleg an når det gjeld likeløn. Det burde vere sjølsagt at menn og kvinner får lik løn for likt arbeid. I Noreg er dessverre situasjonen slik at kvinnene i svært mange år har vore den tapande parten i lønskampen. Menn tener framleis 15–20 pst. meir enn kvinner i like stillingar.

Finansminister Kristin Halvorsen sa i den førre veka at ein likelønspott vil bli ei kampsak for SV. Eg ser ingen grunn til at Regjeringa skal vente til valkampen eller til neste periode med å kjempe for likeløn. Skal vi få fleire menn til å bli førskulelærarar, fleire menn til å bli sjukepleiarar og barnevernspedagogar, må vi gjere noko med likeløna. Skal vi få fleire til å dele meir på foreldrepermisjonen, vil likeløn vere svært viktig. Og skal vi kome i mål med likestilling, er likeløn ekstremt viktig. Ein kan derfor ikkje kome i mål med det sterke og viktige arbeidet som er blitt gjort på likestilling, før vi greier å få gjort noko med løna. Derfor synest vi no at tida for handling er inne. Kristeleg Folkeparti forventar at Regjeringa, som eit ledd i eit inntektspolitisk samarbeid, lyftar likeløna inn i årets lønsforhandlingar. Det er ikkje å blande seg inn i lønsforhandlingane. Det er å ta eit politisk ansvar.

Vil Regjeringa og barne- og likestillingsministeren vere med på å ta eit ansvar for det?


Les hele debatten