Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Om ein felles norsk-svensk marknad for grøne sertifikat, og om all ny kraftproduksjon med byggestart etter 1. januar 2004 framleis vil bli inkludert i ordninga

Datert: 29.10.2009
Besvart: 04.11.2009 av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Det er inngått ei intensjonsavtale med Sverige om at ein felles norsk/svensk marknad for grøne sertifikat skal vera på plass frå 1. januar 2012. Førre gong Noreg forhandla med Sverige om grøne sertifikat tok ein sikte på at all ny fornybar kraftproduksjon med byggestart etter 1. januar 2004 skulle inkluderas i ordninga.

Vil framleis all ny kraftproduksjon med byggestart etter 1. januar 2004 kunne rekna med å bli inkludert i ordninga med grøne sertifikat?


Les hele debatten