Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om dei planlagde _kraftlinjene mellom Ørskog og Fardal og i Hardanger_, som mellom anna vil berøre fjordlandskap som er kåra til verdas fremste reisemål, og om statsråden vil sørge for at dei miljømessige sidene blir ivaretekne
Datert: 05.11.2009 Besvart: 18.11.2009 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Bjørn Lødemel (H): Konsesjon på dei planlagde 420 kV kraftlinjene mellom Ørskog og Fardal og i Hardanger er for tida under klagehandsaming. Dersom kraftlinjene blir bygde i samsvar med konsesjonane vil det kunne få alvorlege konsekvensar i forhold til miljø. Kraftlinjene vil mellom anna berøre UNESCO si verdsarvområde, unike fjordlandskap som er kåra til verdas fremste reisemål og verna område.På kva slags måte, og når vil statsråden involvere seg i desse sakene for å sørge for at dei miljømessige sidene blir ivaretekne?