Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til samferdselsministeren

Om anbodskriteria for hurtigruta, med bakgrunn i at me kan risikere at tilbodet anten blir sterkt redusert eller i verste fall at det forsvinn

Datert: 26.05.2010
Besvart: 26.05.2010 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Mitt spørsmål går til samferdselsministeren. Eg reknar med at dette kanskje er siste gang samferdselsministeren kjem i den spontane spørjetimen før sommaren.

Kristeleg Folkeparti tok opp ei sak før sommaren i fjor, og det gjeld anbodskriteria for Hurtigruten. Dessverre er det ei betydeleg usikkerheit knytt til Hurtigruten. Me kan risikere at tilbodet anten blir sterkt redusert eller i verste fall at det forsvinn.

Det som Lonely Planet beskriv som «verdens vakreste båtreise», er ein samfunnsinstitusjon i Noreg. Det var ein samla transport- og kommunikasjonskomité som var i Finnmark og Troms i førre veke. Dette var den saka me fekk flest tilbakemeldingar på. Det betyr veldig mykje for kystbefolkninga, det betyr veldig mykje for dei hamnene som hurtigruta går innom, turismen seier seg sjølv, godstrafikken – ja, dette er ein samfunnsinstitusjon. Denne vinteren har me opplevd at alle flya har stått i Noreg på grunn av oskesituasjonen, vi har òg opplevd at alle toga har stått, men hurtigruta – den har gått.

Dette var ei sak Kristeleg Folkeparti tok opp i fjor. 19. juni kl. 12:46 sa Liv Signe Navarsete i denne salen: «Eg beklagar at me ikkje greidde å få saka fram før Stortinget går frå kvarandre.» Sidan den gangen har ministeren gått av, og det har komme ein ny minister, men det har skjedd veldig lite i denne saka. Det som regjeringa beklaga at ein ikkje fekk lagt fram for eitt år sidan, har me altså ikkje sett noko til i Stortinget. Så mitt spørsmål er: Kva tid kjem denne saka til Stortinget?


Les hele debatten