Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren

Om hvorvidt fornyingsministeren er komfortabel med at selv det kommunistiske regimet på Cuba er mer opptatt av fornying enn det rød-grønne regimet i Norge er

Datert: 16.03.2011
Besvart: 16.03.2011 av fornyings-, administrasjons- og kirkeminister Rigmor Aasrud

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Noreg er som kjent eit høgkostland. Vi har høge lønningar i Noreg, vi har høge skattar og avgifter i Noreg, og vi har høge transportkostnader i Noreg. Det gjer det dyrt å produsere varer og tenester i dette landet. Då er det sjølvsagt særdeles viktig at vi er effektive, at vi er innovative, og at vi heile tida fornyar oss.

Dessverre er det slik at sidan det raud-grøne regimet overtok i 2005, så har det skjedd lite eller ingenting når det gjeld fornying, frå regjeringa si side. Det er synd, det er trist, og det er også bekymringsfullt. For samtidig som vi står på staden kvil i Noreg, så gjer dei fleste andre land veldig mykje når det gjeld fornying. Det gjeld både i Europa og i andre verdsdelar. Sjølv det kommunistiske regimet på Cuba gjer vesentleg meir enn den raud-grøne regjeringa i Noreg når det gjeld fornying. Nyleg kunngjorde president Raul Castro eit fornyingsprogram for offentleg sektor som medfører at heile 500 000 tilsette i offentleg forvaltning gradvis skal fristillast til fordel for privat sektor. Det vil sjølvsagt bety reduserte offentlege utgifter og auka inntekter. Det vil styrkje økonomien for staten Cuba og gjere at Cuba vil vere betre rusta for framtida.

Då er spørsmålet mitt til statsråden: Er fornyingsministeren komfortabel med at det kommunistiske regimet på Cuba er meir oppteke av fornying enn det raud-grøne regimet i Noreg er?


Les hele debatten