Spørsmål
Knut Arild Hareide (KrF): For fem månader tilbake i tid kom regjeringspartia til ei viktig erkjenning. I lag med Kristeleg Folkeparti slo me fast at ideell sektor har ei sjølvstendig eigenverdi, og at det er ei politisk oppgåve å sikre at denne sektoren blir bevart. Me slo fast at ideelle aktørar må gis andre vilkår enn reine kommersielle aktørar. Og me peikte på i lag – regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti – at det hastar med å få etablert meir langsiktige og føreseielege rammevilkår for dei ideelle verksemdene.
I førre veke kom tala for 2010. Aftenposten kan vise til at det altså er 17 institusjonar av ideell karakter aleine som blei lagt ned i 2010. HSH seier at dersom ikkje den utviklinga me ser no snur, vil ideell sektor vere borte innan fem til ti år. Det hastar altså med ei endring. Det vi no ser, er jo at det er dei kommersielle aktørane som vinn på dagens regime. Vi ser altså resultata av ei raud-grøn regjering som har sagt at dei ikkje ønskjer bestemor ut på anbod, men barnevernsbarn, eldre og ruspasientar blir altså satt ut på anbod. For Kristeleg Folkeparti er det særs viktig. Kristeleg Folkeparti forventar ei avklaring og ei ny kurs i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett.
Mitt spørsmål til statsministeren er: Er tida no inne for ein ny kurs når det gjeld å sikre barnevernsbarn, ruspasientar og eldre, ein trygg og god heim?