Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til kommunal- og regionalministeren

Om kvifor regjeringa kastar vrak på eit så viktig distriktspolitisk verktøy som kravet om driftsorganisasjonar og basar på land for petroleumsnæringa

Datert: 01.06.2011
Besvart: 01.06.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg vil fortsetje med å fokusere på regjeringas distriktspolitikk, men denne gongen vil et stille spørsmål til kommunal- og regionalministeren om arbeidsplassar i distrikta. Det gjeld ei sak som gjer dei raud-grøne politikarane i Nord-Noreg opprørde.

Me veit at fiskerinæringa har vore den dominerande næringa i Nord-Noreg. På enkelte øysamfunn er det faktisk slik at 40 pst. av befolkninga er sysselsette i denne næringa. Næringa har òg skapt mange arbeidsplassar på land; i fiskemottak, i foredlingsindustri, i verftsindustri og i transport. Koplinga mellom marine ressursar og busetjing har vore veldig viktig. Dette var tanken og eg vil òg seie ein av suksessformlane bak det norske oljeeventyret, dvs. aktivitetar til havs og driftsorganisasjonar og basar til lands.

No går petroleumsnæringa i Noreg inn i ein ny epoke. Me flytter tyngdepunktet frå sør til nord. Derfor er det veldig oppsiktsvekkjande at regjeringa vil kaste vekk eit så viktig distriktspolitisk verktøy, kravet om at me kan ha driftsorganisasjonar og basar på land. Kristeleg Folkeparti er heilt einig med Senterpartiet når Senterpartiet seier at me må føre ein aktiv og målretta distrikts- og regionalpolitikk som fører til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd der folk bur. Derfor er det umogleg å forstå kvifor regjeringa kastar vrak på eit så viktig distriktspolitisk verktøy, nemleg kravet om driftsorganisasjonar og basar på land for petroleumsnæringa.


Les hele debatten