Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til arbeidsministeren

Om å få dei 220 000 menneska med nedsett arbeidsevne tilbake i arbeidslivet, og korleis statsråden vil få Noreg ned frå trygdetoppen når ho tek frå Nav dei verktøya dei treng på den utfordringa

Datert: 12.10.2011
Besvart: 12.10.2011 av arbeidsminister Hanne Inger Bjurstrøm

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Spørsmålet går òg til arbeidsminister Bjurstrøm.
Noreg er på verdstoppen i trygd. Vi toppar statistikken for sjukefråvær og talet på menneske på uføretrygd. Det er 1,5 millionar menneske på trygd i Noreg i dag. Men den største utfordringa er at over 600 000 menneske i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet. Det er særleg grunn til å vere bekymra over aukinga av talet på heilt unge uføre. Det er også ein grunn til å stille eit spørsmål om alt er riktig når vi ser at det blir stadig fleire utføretrygda, sjølv om helsetilstanden for befolkninga generelt blir stadig betre.
Å inkludere fleire i arbeidslivet handlar om å hjelpe av funksjonshemma inn. Som statsråden nemnde i sitt tidlegare svar, i så måte blir regjeringas jobbstrategi veldig viktig nettopp for denne gruppa, men òg for å få dei 220 000 menneska med nedsett arbeidsevne tilbake i arbeidslivet. Og fleirtalet av dei ønskjer nettopp det.
Poenget med Nav var å lage eit system som hjelpte fleire ut i arbeidslivet. Då er det urovekkjande når Nav-direktøren uttaler følgjande til Dagsavisen 24. juni i år:
«Hvert år øker mengden mennesker som trenger hjelp til å komme i jobb. Men antallet tiltaksplasser har nesten stått på stedet hvil de siste 5 årene.»
Nav tek no til orde for at regjeringa må leggje fram ein opptrappingsplan «for å hindre unødvendig uføretrygdede i tida framover».
Regjeringa har lagt opp til eit budsjett for trygd og ikkje eit budsjett for arbeid. Mitt spørsmål til statsråden er: Korleis vil statsråden få Noreg ned frå trygdetoppen når ho tek frå Nav dei verktøya dei nettopp treng på den utfordringa?


Les hele debatten