Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til kommunal- og regionalministeren

Om statsråden vil sørgje for at kommunar som ikkje innfører eigedomsskatt ikkje blir straffa

Datert: 03.11.2011
Besvart: 09.11.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Det kommunale sjølvstyret er ein viktig del av lokaldemokratiet. Det gjeld til dømes prioritering av inntekter og utgifter i ei kommune. Alt tyder på at Eid kommune blir straffa for at dei ikkje har innført eigedomsskatt. Retningslinjene for tildeling av skjønsmidlar har blitt endra av regjeringa, og det har skapt opning for at fylkesmennene kan halde tilbake skjønsmidlar til dei kommunane som ikkje har innført eigedomsskatt.
Vil statsråden sørgje for at kommunar som ikkje innfører eigedomsskatt ikkje blir straffa?


Les hele debatten