Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om kva forventningar statsministeren har til _klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika_, og kva for resultat han ventar

Datert: 30.11.2011
Besvart: 30.11.2011 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Denne veka starta klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika. Når leiarar i verda blir samla på dette klimatoppmøtet, er dei dessverre prega av pessimisme både når det gjeld kva resultat me forventar, og utviklinga når det gjeld klima.
På toppmøtets andre dag presenterte meteorologorganisasjonen WMO ein rapport som sa at 13 av dei siste 15 åra har vore dei varmaste nokon gong. Det siste tiåret har vore det varmaste sidan organisasjonen starta målingane sine i 1850. Generalsekretæren, Michel Jarraud, sier følgende:
«Vitenskapen er solid og viser entydig at verden blir varmere og at dette er en følge av menneskelig aktivitet (…) vil bety en økning av gjennomsnittstemperaturen på verdensbasis med mellom 2 og 2,4 grader».
Dette er altså sjefsvêrmeldaren i FN, på mange måter vår eigen Kristen Gislefoss. Det er vel ikkje slik at me alltid kan tru på vêrmeldinga, men det vi veit, er to ting. Vitskapen er tydeleg på at me no har ei klimaendring, og at konsekvensen av den er store miljøforandringar, havet vil stige, isbreane og polisen vil smelte, det blir meir ekstremvêr, meir tørke, meir flaum og fleire orkanar.
Kristeleg Folkeparti er oppteke av å få på plass ein ambisiøs og forpliktande global klimaavtale, og me veit at det deler me med statsministeren. Men spørsmålet mitt er: Kva forventningar har statsministeren til møtet, og kva for resultat ventar han?


Les hele debatten