Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Om korleis statsråden ser på at det blir bygt eit stort datalagringsanlegg i Fet kommune i Akershus som vil krevje store mengder straum, og kva for konsekvensar dette vil ha for straumnettet i Oslo og Akershus i form av behov for ny linjebygging

Datert: 22.03.2012
Besvart: 28.03.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Det statseigde selskapet Entra planlegg bygging av eit stort datalagringsanlegg i Fet kommune i Akershus. Denne utbygginga vil krevje store mengder straum, ca 550 GWh frå to uavhengige kjelder. Denne straumen må fraktast over store avstandar, blant anna frå Vestlandet. I dag er kapasiteten på straumnettet i Oslo og Akershus sprengd jamfør "Nettplan Stor Oslo".

Korleis ser statsråden på at det blir bygt slike anlegg så langt frå straumkildene, og kva konsekvensar vil det ha for straumnettet i Oslo og Akershus i form av behov for ny linjebyging.


Les hele debatten