Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til landbruks- og matministeren

Om kvifor regjeringa ikkje ønskjer å redusere det urettferdige inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, og kvifor dei ikkje har blitt med på KrFs forslag om eit sterkare vern av matjorda, slik at me kunne fått til ein auka matproduksjon

Datert: 28.03.2012
Besvart: 28.03.2012 av landbruks- og matminister Lars Peder Brekk

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Me blir fleire. I Noreg fekk me nordmann nummer fem millionar 19. mars, og me veit at me vil vere seks millionar allereie om 16 år. Den same utviklinga ser me i resten av verda. Det er ein stor befolkningsauke. Da er det viktig med auka matproduksjon. Det å sikre trygg og kortreist mat er viktig i eit folkehelseperspektiv, det er viktig i eit miljøperspektiv, og det er òg viktig når me ser det i eit internasjonalt perspektiv, i solidaritet med verdas fattige.

Derfor er det bra at me har fått ei landbruksmelding. I landbruksmeldinga er det viktig at me får gode verkemiddel, at me får klare strategiar og tydelege mål. Kristeleg Folkeparti meiner at meldinga gir ei god beskriving, men at ho er for lite offensiv når det gjeld verkemiddel. Me er opptekne av å auke matproduksjonen. For å få til det treng me bønder – både i dag og i morgon. Da er inntektsutviklinga for bøndene viktig i eit rekrutteringsperspektiv. Så treng me jord for å kunne dyrke og for å kunne gi auka matproduksjon.

Mitt spørsmål til ministeren er derfor: Kvifor ønskjer ikkje regjeringa å redusere det urettferdige inntektsgapet som me ser i dag mellom bønder og andre grupper i samfunnet, og kvifor har dei ikkje blitt med på Kristeleg Folkepartis forslag om eit sterkare vern av matjorda, slik at me kunne fått til nettopp ein auka matproduksjon?


Les hele debatten