Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren

Om at mange land, i motsetnad til Noreg, er komne langt når det gjeld å fornye, forbetre og forenkle offentleg sektor, og om det er regjeringa som ikkje har gjort jobben sin

Datert: 25.04.2012
Besvart: 25.04.2012 av fornyings-, administrasjons- og kirkeminister Rigmor Aasrud

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): I motsetnad til Noreg er det mange land som er komne langt når det gjeld å fornye, forbetre og forenkle offentleg sektor. Vi treng ikkje gå så veldig langt frå Noreg. Danmark har gjort eit betydeleg arbeid på det området. Der er det også innført digital postkasse. Berre det åleine har spart danskane for 3 mrd. kr i portokostnader per år.

Ifølgje generalsekretær Per Morten Hoff i IKT-Norge vil eit konservativt anslag på kor mykje ein kan spare på å digitalisere og forenkle offentleg sektor i Noreg, vere 17 mrd. kr per år. 17 mrd. kr er ein betydeleg sum. Det er pengar som vi altså kunne ha brukt til betre tenester i kommunane, i offentleg sektor. Vi kunne brukt dei til infrastruktur, vi kunne brukt dei til å redusere sjukehuskøane. Vi kunne også brukt dei til skatte- og avgiftslette. Det er ei mengd ting som ein kunne ha brukt desse pengane til dersom ein hadde henta dette inn. Men det har ein altså ikkje gjort.

Tal frå Danmark viser også det at ein digital førespurnad kostar 3 kr; ein manuell førespurnad kostar 110 danske kroner. Det er altså ikkje grunn til å tru at det er annleis i Noreg. Forskjellen vil sannsynlegvis vere den same i Noreg. Men her blir det gjort veldig lite. Vi kjem hengande etter, og vi får altså ikkje gjort dei grepa som gjer at ein kan frigjere midlar som kunne ha vore brukte på heilt andre område.

Då er mitt spørsmål til fornyingsministeren: Er det det norske folket det er noko galt med, eller er det regjeringa som ikkje har gjort jobben sin, sidan vi ikkje greier å få til det som danskane openbert får til, nemleg å frigjere midlar som kan brukast til beste for det norske folket?


Les hele debatten