Muntlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Om å styrkje legitimiteten til fornminnepolitikken og gi utbyggjarar større føreseielegheit, med bakgrunn i bandlegging av områder og nærast ukritisk kostnadsbelastning på tiltakshavar ved arkeologiske funn og utgravingar

Datert: 09.05.2012
Besvart: 09.05.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Spørsmålet går til miljøvernministeren og gjeld kulturminnepolitikken generelt, og arkeologi spesielt.

La meg først understreke at det er brei einigheit om at det er viktig å ta vare på våre kulturminne, fordi det har med vår identitet og kulturarv å gjere, og Framstegspartiet meiner at det er viktig å gi det nødvendig legitimitet. Det er også brei einigheit om behovet for leiting og registrering for framtida. Men vi ser i dag at bandlegging av område med kjente, mindre funn, eller bandlegging av område for seinare utgraving, i tillegg til nærast ukritisk kostnadsbelasting på tiltakshavar, breier om seg og når stadig nye høgder. Som eksempel kan eg nemne Hestvikholman industriområde i Averøy kommune i Møre og Romsdal, der kostnadene kom på nesten 11 mill. kr.

Når det gjeld kulturminnepolitikken spesielt, hugsar vi nei til hotellslott på Øye, inntil Riksantikvaren sette ned foten og gav løyve som det var søkt om. Vi har vidare sett eksempel som at Sande kommune får avslag på forlenging av molo fordi moloen vil gi dårlegare utsikt til gravrøys.

Konservatorar snakkar om store funn, mens andre i fagmiljøet meiner det er forventa, mindre funn. Eksempel på gravrøys som berre var ei steinrøys, er gravrøysa på Rong. Dette er eksempel på fagpersonar som har skada legitimiteten til kulturminnepolitikken.

Vi ser vidare når det gjeld arkeologiske utgravingar, at tiltakshavarar, anten det er offentlege eller private, får rekningar baserte på enkeltarkeologar si vurdering, der ein ser klare regionale forskjellar. Dette fører igjen til påstandar om at arkeologane kan grave så lenge dei vil, der dei vil, og nytte så lang tid dei vil til å vurdere funna. Dei kan konkludere som dei vil, og på Tønsnes i Tromsø brukte dei meir enn tre år.

Det fører til dyrare utbyggingar, dyrare bygg og mindre areal til bustad for unge. Spørsmålet blir då: Meiner den raud-grøne regjeringa at dette er ønskte konsekvensar av deira politikk, eller er statsråden villig til å gå inn i denne problemstillinga for å styrkje legitimiteten til fornminnepolitikken og gi utbyggjarar og tiltakshavarar større føreseielegheit.


Les hele debatten