Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til samferdselsministeren

Om at det to månader etter at den nye parsellen mellom Grodås og Volda vart opna ennå ikkje er skilta frå Voldasida, og kva ein vil gjere for å få på plass ei fornuftig skilting omgåande

Datert: 22.11.2012
Besvart: 28.11.2012 av samferdselsminister Marit Arnstad

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): E39 Kvivsvegen vart opna 22. september 2012. To månader etter at den nye parsellen mellom Grodås og Volda vart opna, er den ennå ikkje skilta frå Voldasida. I avisa Møre-Nytt står det at seksjonsleiar i vegavdelinga i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen, ikkje kan love nytt skilt i Volda. Det er svært underleg at ein så viktig veg ikkje skal skiltast sjølv om den ikkje blir fullverdig del av E39 før Hjartåberget opnar i 2013.
Kva vil statsråden gjere for å få på plass ei fornuftig skilting omgåande?


Les hele debatten