Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Om kva statsråden vil gjere for å følgje opp rovviltforliket med 39 årlige ynglingar av jerv, og når dette målet blir nådd

Datert: 07.03.2013
Besvart: 13.03.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I 2012 vart det registrert 68 ynglingar av jerv. Dette er ein auke på 10 frå året før, og det er ein dramatisk auke. Bestandsmålet i rovviltforliket er sett til 39 årlige ynglingar. Jerven tek mykje beitedyr og tamrein mange stadar i landet. I dei indre delane av Sogn og Fjordane er det også denne vinteren registrert fleire jervar, og det er stor uro over kva som vil skje når beitesesongen startar.

Kva konkret vil statsråden gjere for å følgje opp rovviltforliket med 39 årlige ynglingar, og når blir dette målet nådd?


Les hele debatten