Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om kva regjeringa vil gjere for å redusere det _klasseskiljet som me ser innanfor bustadområdet_

Datert: 15.05.2013
Besvart: 15.05.2013 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg har lese Einar Gerhardsens tale som han heldt ved inngangen til valkampen i 1955. Den heiter «Vi bygger landet». Dette er nok ein tale statsministeren kjenner godt til, men ein liten oppfrisking kan vere greitt. Gerhardsen sa: «Med det store presset på boligmarkedet har det inntil nå vært nødvendig å samle kreftene om å få bygd mest mulig familieboliger, og på det området har vi kommet langt».
Inn i ein ny valkamp – og viss me gjer opp status for regjeringa sin bustadpolitikk – må eg seie at eg saknar krafta og det fokuset som Einar Gerhardsen hadde. Me veit at berre i fjor blei det bygd 10 000 færre bustader enn det behovet tilsa. Me veit at i Oslo og i kommunane rett rundt treng me 200 000 nye bustader innan 2030. Me ser òg at prisane på bustader har blitt fordobla i løpet av dei siste ti åra.
Me treng framtidsretta tiltak. Kristeleg Folkeparti foreslår at me må byggje både tettare og høgare rundt kollektive knutepunkt. Me må få forpliktande avtalar mellom kommunar og stat. Me må forenkle planprosessane. Me må redusere eigenkapitalkravet. Me må auke BSU-grensa for ungdom til 300 000 kr.
DnB-sjef Rune Bjerke slår fast at regjeringa sin bustadpolitikk bidreg til auka klasseskilje. Ingen kan jo vere ueinige i det, men me ser at forskjellane mellom dei som er innanfor og dei som er utanfor bustadmarknaden blir større for kvar dag som går. Kva vil regjeringa gjere for å redusere det klasseskiljet som me ser innanfor bustadområdet?


Les hele debatten