Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren

Om fornyingsministeren, som har eit overordna ansvar for fornying og avbyråkratisering i Noreg, er fornøgd med den utviklinga vi har sett på dette området dei siste åtte åra

Datert: 05.06.2013
Besvart: 05.06.2013 av fornyings-, administrasjons- og kirkeminister Rigmor Aasrud

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Dei raud-grøne partia har no hatt regjeringsmakta og fornyingsdepartementet i snart åtte år. Rigmor Aasrud har i halvparten av denne tida vore fornyingsminister og hatt ansvaret for fornying av offentleg sektor.

Samtidig som nabolanda våre fornyar og avbyråkratiserer, går mange ting feil veg i Noreg. Her blomstrar byråkratiet. Tal frå SSB viser at det blir tilsett 39 nye byråkratar kvar einaste arbeidsdag. NRK kunne i går fortelje at politiet no bruker meir tid enn nokon gong tidlegare på administrasjon og rapportering, og at dette går ut over kampen mot kriminalitet.

Før dei raud-grøne overtok, brukte legane ved sjukehusa størstedelen av tida si til å behandle pasientar. I går fortalde Hege Gjessing, president i Legeforeningen, at legane no bruker størstedelen av arbeidsdagen sin på rapportering og administrasjon. Køane til sjukehusa veks, samtidig som helseføretaka kommuniserer med kommunane via gamle faksmaskinar. Røntgenbilde kan ikkje bli faksa, så dei blir sende med taxi.

Årlege driftsutgifter i departementa og underliggande etatar har auka med 53 000 mill. kr sidan 2005. Auken utgjer meir enn 10 000 kr per innbyggar i Noreg. Bortsett frå at Framstegspartiet til slutt fekk gjennomslag for å fjerne revisjonsplikta for små føretak, har det meste gått feil veg.

Er fornyingsministeren, som altså har eit overordna ansvar for fornying og avbyråkratisering i Noreg, fornøgd med den utviklinga vi har sett på dette området dei siste åtte åra?


Les hele debatten