Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

om utanriksministeren er samd i at overgangen frå kronetoll til prosenttoll for dei aktuelle tollinene vart gjennomført innafor rammene av WTO-regelverket

Datert: 20.11.2013
Besvart: 20.11.2013 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Innafor ramma av WTO-avtalen har Noreg meldt overgang frå kronetoll til prosenttoll for einskilde tolliner for ost, storfekjøt og lam med verknad frå 1. januar 2013. Det vart gjort fordi verdien av tollvernet hadde vorte sterkt svekt sidan dette har vore bunde til kronebeløp per rekning ut frå 1990-verdi, og ikkje ut frå dagens verdi. Tollvernet, som var tilstrekkeleg for å ivareta norske interesser på det tidspunktet det vart inngått, gir ikkje lenger vern for dei aktuelle vareslaga. WTO-regelverket gir Noreg fullt ut rom for å gjennomføre den overgangen frå kronetoll til prosenttoll som vart bestemt gjennom handsaming av statsbudsjettet for 2013.

Er utanriksministeren samd i at overgangen frå kronetoll til prosenttoll for dei aktuelle tollinene vart gjennomført innafor rammene av WTO-regelverket?


Les hele debatten