Spørsmål
Sveinung Rotevatn (V): 5. april 2011 vedtok Høgre og Arbeidarpartiet å innføre datalagringsdirektivet. No er det snart tre år sidan vedtaket vart gjort, og framleis er norske borgarar fri for statspålagt registrering. I mellomtida har direktivet blitt kjent grunnlovsstridig i alle EU-land, der det har nådd landets øvste domstol, og EU skal no revidere direktivet.
Vel skal statsråden sørgje for at vi er i forkant i Brussel, men kunne det ikkje i denne saka vere smart å halde litt igjen?