Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om regjeringa vil lytte til og ta med på råd dei mange som er imot søndagsopne butikkar, før regjeringa kjem til ein endeleg konklusjon

Datert: 18.12.2013
Besvart: 18.12.2013 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg kunne stilt oppfølgingsspørsmål til førre spørsmål òg, da eg er veldig opptatt av barnehageplassar for det neste året, men eg ønsker derimot å stille eit hovudspørsmål.

No er me midt i julestria, og da er det veldig vanskeleg å vere lei seg for at me har søndagsopne butikkar. Men spørsmålet er: Ønsker me å ha det sånn heile året? Det norske folk seier ja til søndagsopne butikkar i julestria, men seier eit tydeleg nei til søndagsopne butikkar heile året – ja, det er berre 26 pst. i Dagbladets undersøking frå november som seier ja til det, og heile 58 pst. seier eit rungande nei. Eg trur òg at dei tilsette som har førebudd seg på å jobbe søndagar i desember, er veldig glade for at det ikkje er sånn resten av året. I Danmark har innføring av søndagsopne butikkar ført både til ein konsentrasjon og til betydeleg nedlegging av nærbutikkar. Viss me summerer opp dette, ser me at det norske folk er imot søndagsopne butikkar, NHO er imot, Virke er imot, LO er imot, dei tilsette er imot, bransjen er imot, forbrukarane er imot, kostnadane for samfunnet vil auke, og me veit òg at me treng dei menneskelege ressursane på andre område framover. Så mitt spørsmål til statsministeren er: Vil regjeringa lytte til og ta med på råd dei mange som dette vedkjem, før regjeringa kjem til ein endeleg konklusjon?


Les hele debatten