Muntlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til kulturministeren

Om korleis kulturlivet skal verte meir fritt ved at det får mindre pengar

Datert: 08.01.2014
Besvart: 08.01.2014 av kulturminister Thorhild Widvey

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Eg har eit spørsmål til kulturministeren.

At kvalitet kostar, er ei av dei tinga livet har lært meg, òg åra i politikken. Kvalitet kostar i helse, i samferdsel, i utdanning – på alle område, òg i kulturlivet. Vi har no ein kulturminister som har gjort eit særleg poeng av å snakke ned kor viktig pengar er for kulturfeltet. Ho var jublande glad for eit kulturbudsjett der ho måtte ta ein betydeleg reduksjon frå det raud-grøne budsjettet – etter budsjettkonferansen – som eit av svært få felt. Ho poengterer t.d. i kulturdebatten:

«Jeg mener at et ensidig fokus på tilskuddsnivået gjennom mange år har fjernet oppmerksomheten fra innhold og kvalitet i den offentlige kulturdebatten.»

Det er kulturkutt, men samtidig ei fridomsreform.

I Aftenposten har kulturministeren sagt at ho skal «sette kulturlivet fri fra konkrete føringer og innholdsmessige ønsker fra rikspolitikernes side». Eg meiner dette er å snu det på hovudet. Eg kjenner rett og slett ingen kunstnarar eller kulturinstitusjonar som har vorte ufrie av å få meir pengar dei siste åtta åra. Derimot trur eg dei elevane som ikkje har fått plass på kulturskulen fordi dei manglar ressursar, eller dei kulturinstitusjonane som ikkje får tilby det mangfaldet av oppsetjingar som brukarane deira ønskjer, kanskje kan snakke om ufridom.

Mitt spørsmål til kulturministeren er ganske enkelt: Korleis skal kulturlivet verte meir fritt ved at det får mindre pengar? Kan ho gi eit eksempel på ein kunstnar eller ein kulturinstitusjon som har opplevd aukande ufridom på grunn av den raud-grøne kulturpolitikken?


Les hele debatten